login
sign up for your free website
Nybegynnerkurs i utstillingsteknikk.

by AlexVae on January 14th, 2012

Da har me komt ut i veke to i det nya året og soul children har starta opp att etter jul. Det var kjekt å begynna å synga igjen! Ellers er eg litt usikker på om eg skal fortsetta på fotball sidan pappa skal slutta som trenar for oss, kanskje eg heller skal gå på noko anna... Mykje anna som kunne vore kjekt å prøvd og :) I går var eg på kino og såg Løvenes konge i 3D, det var kjekt!

Lørdag 14. januar var Kompis påmeldt på nybegynnerkurs i utstillingsteknikk. Me var litt usikkre på om eg eller mamma skulle gå med han, men det blei til at det var mamma, eg syns det var litt mykje nytt å passa på når eg kom ut at eg ville heller sjå på og ta bilder. Eg var veldig spent på korleis Kompis ville takla det å vera inne i ein hall med masse framande hundar og folk rundt seg, men det gjekk kjempefint, mykje bedre enn eg hadde trudd! Det såg til og med ut som ha likte det, han sprang og stod med halen oppe nesten heila tida, bortsett fra på slutten av kurset, da begynte han å bli trøtt ;) Tok nokon bilder, men det kameraet er ikkje så godt inne så bildene blei ikkje så gode...
Kompis inni ringen, brydde seg lite om dei andre hundane, kikka helst på mamma :)
Mange hundar på kurs, her ser me fleire av dei små.
Mamma leke litt med Kompis innimellom så ikkje han skal syns det blir kjedelig :)
Kompis vente på godbit.
Kompis trener på å stå på bord.
"Dommaren" kikker på tennene og kjenner over Kompis.
Godt å komma heim etter kurset og slappa av i lag med Kristoffer :)
Kompis trøtt og sliten etter kurset. Godt å sova på dyna oppi sofaen.

Detta har vore eit veldig bra kurs for Kompis, han treng å møta andre hundar og folk og læra seg at det går heilt fint, han treng og læra at alle hundar og folk skal ein ikkje helsa på. Han klarte veldig fint å konsentrera seg med all den støyen som var rundt og han gjorde sånn som me hadde trent på heima i stova. Kjempefornøyd med Kompisen min!
Nå skal eg spela litt flysimulator og sjå litt på tv ;)
Dagen etterpå (søndag 15. jan) var me ute på ustillingstrening i samme hall, da var Kompis meir ukonsentrert og litt meir skeptisk enn i går. Litt meir herjete hundar som var der, trur ikkje Kompis følte seg heilt trygg blant dei.. Så var han og sikkert litt sliten etter dagen før.


Posted in not categorized    Tagged with no tags


1 Comments

Bente Bøygard - January 18th, 2012 at 3:17 AM
Kompis var så flink!!! :)

Leave a Comment
Søk

Innmeld

follow on
Categories

Cup (2)
Fritid (8)
Hund (7)
Leir (1)