login
sign up for your free website

by AlexVae on April 2nd, 2012

I dag for eg og resten av familien ut på Olehompen, treningsområdet til hundaklubben vår og trente litt agility med Kompis. Detta var første gang Kompis skulle få prøva seg skikkelig på dei ulike apparata. Var litt spent for eg hugsa jo kor god Turbo var og det er litt vanskelig og kjedelig å begynna på nytt med ein hund. Mamma var litt skeptisk til kva han kom til å klare første gang for ho har prøvd å læra han "på plass" her heima nokon dagar og det har han ikkje heilt skjønt enda... Først fekk han prøvd seg på tunnelen, den har me fått øvd litt på heima da me har ei kort lita tunnel som me har fått han til å gå gjennom. Men var spent på denna for den er mykje lenger. Etter at me hadde fått han gjennom ein gang, så sprang han fint gjennom dei andre gangene, flinke gutt!!
Masse kos og godbitar når han kjem ut, Emma Eline er sjølvsagt med :)
Kompis litt skeptisk første gang han skal på bommen.
Høgt ned syns Kompis, men halen har begynt å komma litt opp.
Kompis har fått dreisen på det og går utan band. Halen opp og me ser veldig fornøyde ut :)
Mønet syns Kompis var kjekt fra første gang han prøvde det!
Full fart!!
Litt slalom må me også trena, skikkelig puggehinder som er litt kjedelig å trena på.
Kompis og mamma trener på vippa. Eit hinder som ein må vera litt forsiktig når ein begynne å trena så ikkje hunden blir skremt. Kompis syns det var greit, men likte det ikkje heilt. Men gjorde det veldig bra til å vera første gang!

Veldig kjekt å trena Kompis i dag, trur han og syns det var kjekt og trur han med ein del trening kanskje kan bli lika god som det Turbo var.
Nå skulle me berre hatt mulighet til å trena masse framover, men er ikkje så lett å få til da treningsområdet vårt er litt langt vekke.

by AlexVae on March 11th, 2012

I helga har eg vore på soul children øvingshelg, me fekk besøk av 3 jenter fra Oslo soul teens. Dei var veldig flinke og greie. Me kunne velga mellom to seminar eit solistseminar og eit danseseminar. Eg og dei to andre guttane som er med i koret var med på danseseminar :) På danseseminaret lærte me ein dans til Beautiful Day. Veldig kjekt! På lørdagskvelden var det talentiade som underholdning og eg var med å styrte lys og slikt. Me overnatta i Småfolk Barnehage fra lørdag til søndag. På søndagen var det mini konsert for foreldra.
Me song : Let The Love Flow, Gloria, Hellig, Hellig, Hellig, Sing Halleluja, Beautiful Day med dans. På torsdag skal me ha øving og eg håpar at me skal øve litt på dansen.

Etter konserten var me på besøk hos Farmor og Farfar, og åt pinnakjøtt i lag med onklar, tante og søskenbarn. Det var veldig godt og kjekt.

Me slite med å få Kompis husrein, så nå er det alarm på mobil kvar time... Han basje og tisse inne når det passer han. Han kan finne på å gjere det rett foran oss. Så nå er det alvor:-)

by AlexVae on February 25th, 2012

I går var me i Haugesund ein liten tur og såg på bil mm. Kompis var med, da det blir alt for mange timar å vera aleina heima for han. Tar ein time å kjøra til byen og ein del timar der ute pluss at eg og bror min Kristoffer skulle til Stord etterpå, så det blei seine kvelden før mamma, pappa og Emma Eline kom heim igjen. Dessuten har Kompis godt av å vera med å oppleva bylivet med alt det bråket, folk og trafikk som er der. Kompis er blitt mykje flinkare med bilkjøring nå, han ligge i buret baki og er stort sett heilt stille. Flinke gutt!
Eg og mamma gjekk ein tur med han i byn i masse trafikk, blant ein del sykkelistar og folk. Reagere lite på det mesta, men like ikkje så godt bilar som kjem nerme. Da går han uti grøfta :)
Kompis var og med inn på ein dyrebutikk, det syns han var kjempespennande, helsa på folk og fann seg nokon godsaker... Dei måtte me då sjølvsagt kjøpa ;) Han helsa og på to papegøyar, dei var litt rare syns han. Ikkje redd for å vera i butikken med alt av lydar og styr som var der, det var veldig bra! Mange timar i bilen blei det for Kompis i dag, men han syns det var heilt greit.

Nå glede eg meg til ei helg på Stord i lag med søskenbarna mine!!

by AlexVae on February 11th, 2012

Da var dagen komt for at Kompis skulle på si første utstilling, me var veldig spente og nervøse både eg og mamma. Mamma skulle gå med han og det var eg glad for ;) Me kom ut og det var veldig mange folk og hundar i hallen, dårlig plass var det. Men heldigvis takla Kompis det veldig bra, han virka ikkje noko særlig nervøs og redd for alt styret. Me måtte venta veldig lenge før det var vår tur til å komma inn, det var veldig forsinka. Kompis var først og han var aleina i klassen hannhund 4-6 mnd, han sprang og stod veldig fint! Litt skummelt var det på bordet, men det gjekk og fint. Etterpå skulle han inn og konkurrera mot hannhunden som blei best i klassen 6-9 mnd, da vant den andre hannhunden. Veldig mange hyggelige og koselige folk på sidelinja som likte Kompis veldig godt! :) Nå ligg han strekk ut og sove, blir sliten av ein sånn lang dag med mykje inntrykk.
Kritikken til Kompis: Lovende valp som behøver å få mer substans. Bra ører, øyne og bitt. Bra hals. Kunne hatt mer vinkler i skulderen. Må vokse mye i brystkassen. Bra front, velvinklet bakpart, bra føtter. Parallelle jordvinnende bevegelser.
Fekk ikkje tid til å ta bilder av Kompis før me gjekk på utstillinga i dag og me var i bursdag etterpå, men på kvelden fekk me tatt eit par bilder av han nesten nystellt :)

by AlexVae on January 14th, 2012

Da har me komt ut i veke to i det nya året og soul children har starta opp att etter jul. Det var kjekt å begynna å synga igjen! Ellers er eg litt usikker på om eg skal fortsetta på fotball sidan pappa skal slutta som trenar for oss, kanskje eg heller skal gå på noko anna... Mykje anna som kunne vore kjekt å prøvd og :) I går var eg på kino og såg Løvenes konge i 3D, det var kjekt!

Lørdag 14. januar var Kompis påmeldt på nybegynnerkurs i utstillingsteknikk. Me var litt usikkre på om eg eller mamma skulle gå med han, men det blei til at det var mamma, eg syns det var litt mykje nytt å passa på når eg kom ut at eg ville heller sjå på og ta bilder. Eg var veldig spent på korleis Kompis ville takla det å vera inne i ein hall med masse framande hundar og folk rundt seg, men det gjekk kjempefint, mykje bedre enn eg hadde trudd! Det såg til og med ut som ha likte det, han sprang og stod med halen oppe nesten heila tida, bortsett fra på slutten av kurset, da begynte han å bli trøtt ;) Tok nokon bilder, men det kameraet er ikkje så godt inne så bildene blei ikkje så gode...
Kompis inni ringen, brydde seg lite om dei andre hundane, kikka helst på mamma :)
Mange hundar på kurs, her ser me fleire av dei små.
Mamma leke litt med Kompis innimellom så ikkje han skal syns det blir kjedelig :)
Kompis vente på godbit.
Kompis trener på å stå på bord.
"Dommaren" kikker på tennene og kjenner over Kompis.
Godt å komma heim etter kurset og slappa av i lag med Kristoffer :)
Kompis trøtt og sliten etter kurset. Godt å sova på dyna oppi sofaen.

Detta har vore eit veldig bra kurs for Kompis, han treng å møta andre hundar og folk og læra seg at det går heilt fint, han treng og læra at alle hundar og folk skal ein ikkje helsa på. Han klarte veldig fint å konsentrera seg med all den støyen som var rundt og han gjorde sånn som me hadde trent på heima i stova. Kjempefornøyd med Kompisen min!
Nå skal eg spela litt flysimulator og sjå litt på tv ;)
Dagen etterpå (søndag 15. jan) var me ute på ustillingstrening i samme hall, da var Kompis meir ukonsentrert og litt meir skeptisk enn i går. Litt meir herjete hundar som var der, trur ikkje Kompis følte seg heilt trygg blant dei.. Så var han og sikkert litt sliten etter dagen før.


◀ Older Posts


Søk

Innmeld

follow on
Categories

Cup (2)
Fritid (8)
Hund (7)
Leir (1)